• Featured Texts

  • CAS Instagram

    Details

    Start:
    Jun 4, 2016 - 08:00
    End:
    Aug 28, 2016 - 17:00
    Website:
    http://www.hagamleprestegard.no

    Venue

    Hå Gamle Prestegard
    Håvegen 347 Nærbø Norway
    Website:
    www.hagamleprestegard.no
    COLLONIAL SCENE
    Hå gamle prestegard er glade for å få vise utstillinga Domestic Disturbances med den danske biletkunstnaren Julie Nord (1970). Nord utfordrar oss på vante førestillingar. Ho lagar sirlige, surrealistiske og ofte store arbeid med blyant, filtpenn, tusj og akvarel. Nord blandar ofte eventyr og populærkultur saman med noko nytt og foruroligande. Til dømes har ho nytta Lewis Carrolls victorianske eventyr «Alice in Wonderland» som inspirasjonskjelde til fleire arbeid. Kva er det me ser og kva er det som kanskje skjuler seg bak fasadane?  Både i tidlegare utstillingar og no er Julie Nord oppteken av at ting ikkje nødvendigvis er slik dei gjer seg ut for å vera, inkludert barndommen og det som finnes innanfor i ulike familiar. Som på den store separatutstillingen Just like Home på Gml Strand i København i 2014 har Julie Nord igjen satt fokus på det som barndommen og uskylden er omgitt av, nemlig familien og heimen. Utstillinga på Hå gamle prestegard har fått den skildrande tittelen Domestic Disturbances og framstår delvis som ei iscenesetting og ei førestilling av ein heim. Men dette er ein merkeleg og virkelighetsfjern kulissearkitektur som signaliserer at dette ikkje er ein skikkeleg heim. Det er snarare ei førestilling om heimen, både konkret og mentalt. Heimen er ein viktig  identitetsskapande faktor for mennesket. Om me kjenner oss som heime, har me det godt. Men det blir fort klart at det er forstyrringar i den heimlege idyllen til Julie Nord. Ju…read more.

    Details

    Start:
    Jun 4, 2016 - 14:00
    End:
    Aug 28, 2016 - 17:00
    Website:
    http://www.hagamleprestegard.no

    Venue

    Hå Gamle Prestegard
    Håvegen 347 Nærbø Norway
    Website:
    www.hagamleprestegard.no
    Olga Tobreluts_Kate Moss_frå serien Sacred Figures_photoprint_120x80
    Dmitry Vrubel & Victoria Timofeeva, Pavel Brat, Dmitry Gutov, Nikolai Makarov, Arsen Savadov, Gor Chahal, Olga Tobreluts, Blue Noses (Aleksandr Shaburon, Vyacheslav Mizin), Recycle (Andrei Blokhin, Georgy Kuznetsov), Andriy Bazyuta, Oleg Kulik. Deltakarane i utstillinga IKON er kunstnarar og kunstnargrupper frå Russland og Ukraina. Kunstnarane nyttar religion som motiv i sin kunst både ved å referere til klassiske ikon frå russisk-ortodoks kristen tradisjon, klassisk gresk mytologi, samt verdslege ikon frå populærkulturen. Fleire av kunstnarane i utstillinga er anerkjente, somme òg kontroversielle. Etter oppløysinga av Sovjetunionen har den russiske offentligheita, både politisk og religiøst, gått i ei meir konservativ retning. Berre det å nytte forma ikon i samtidskunsten blir for mange oppfatta som ein provokasjon. Med religion og ikon som tema ønskjer Hå gamle prestegard og kurator Marat Gelman å opne for dialog mellom kunst og religion og utfordre vår oppfatting av, og forhold til, ikon og førebilete. I perioden juni til august vil det være arrangement som tek opp tema rundt dette. Ein del av utstillinga føregår i ein av bunkersane på Obrestad fyr. Her syner Andriy Bazyuta prosjektet Bunker of Mysteries. Her har kunstnaren teke utgangspunkt i Knut Hamsun si bok Mysterier. Resultatet er ein interaktiv 3D projeksjon der publikum blir invitert til å vera med å påverke opplevinga av verket. Kurator: Marat Gelman. Utstillinga står til 2…read more.

    Details

    Start:
    Jun 4, 2016 - 14:00
    End:
    Aug 28, 2016 - 17:00
    Website:
    http://www.hagamleprestegard.no

    Venue

    Hå Gamle Prestegard
    Håvegen 347 Nærbø Norway
    Website:
    www.hagamleprestegard.no
    Beili_Liu_Image
    Hå gamle prestegard er glade for eit gjensyn med den amerikansk-kinesiske kunstnaren  Beili Liu. I 2011 brukte Beili Liu den kinesiske bakgrunnen sin og minner frå tida i Kina til å lage to installasjonar på nye løa ved hjelp av tråd, ei saks og dryppande voks. Denne gongen vil kunstnaren lage ei stadsspesifikk utstilling med utgangspunkt i hennar eigne opplevingar av landskapet i Rogaland. Ho fortel at då ho vitja Hå gamle prestegard for fem år sidan vart ho slått av den mektige naturen her. Særskilt fasinert blei ho over kjensla av å vera til stades der jord, sjø og himmel møtes. Det er først og fremst dei fleire hundre tusen runde steinane som er forma av isbreane og havet og som ligg strødd utanfor prestegarden, som Liu har blitt inspirert av til prosjektet Where Winds Are Gaining Speed. Med installasjonen på nye løa ønskjer Liu å sei noko om steinane som ligg der heilt upåverka av det som skjer rundt dei. Dei står i mot tida. Som ein kontrast til dei tunge steinane syner kunstnaren fleire flortynne ark der ho har fanga sollyset ved hjelp av fotoprosessen cyanotopi (ein gamal fotometode der sollyset er ein del av framkallingsprosessen) . Sollyset har ho fanga i dagane rett før utstillinga opna, medan steinane er fleire millionar år gamle. Beili Liu er fødd i Jilin i Kina og bur og arbeider no i Austin, Texas. Ho er for tida assisterande professor i kunst ved University of Texas. Beili Liu er utdanna ved University of Michigan, Ann Arbor i 2…read more.