Journal

NO
02/06/22 • Essay : Merete Jonvik

Komponentar i kunstproduksjon

NO
02/06/22 • Essay : Merete Jonvik

Komponentar i kunstproduksjon

Sosialantropolog og sosiolog Merete Jonvik skriv i denne teksten om det kunstnariske samarbeidet i Skaus. Teksten omhandlar andre del av prosjektet som går føre seg i New York frå september 2021 til september 2022. Jonvik spør mellom anna: Kva enkeltkomponentar består ein kunstnarisk produksjonsprosess av? Korleis blir eit kunstverk til?

Skaus

Skaus er eit kunstnarisk samarbeid mellom dei Stavangerbaserte kunstnarane Markus Bråten, Mari Kolbeinson og Håvard Sagen. Skaus sin første manifestasjon som kunstprosjekt – pilotversjonen – kunne opplevast i Stavanger i 2020. To identiske bygningskroppar i tre, ein ute i det fri og ein inne i ein kunstinstitusjon, husa til saman åtte utstillingar, eller okkupasjonar som dei kalla dei sjølv, under Skaus sitt vertskap. 1 Skaus sin andre konfigurasjon vert skapt i New York i tidsrommet september 2021 til september 2022. Skaus representerer i denne perioden Noreg i ei residency støtta av Office for Contemporary Art Norway (OCA) ved International Studio and Curatorial Program (ISCP) i Brooklyn, New York. Eg lurer på kva som skil den kunstnariske produksjonsprosessen i NY frå tidlegare prosjekt?

Skaus sin NY-konfigurasjon består i å bygga ein midlertidig utandørs skulptur, eller struktur, som skal ha form som eit hus eller ein heim og som etter kvart skal flyta og opphalda seg på Hudson River og East River, elvene som rammar inn Manhattan. Eit maritimt fartøy i forma av eit kunstverk, eller omvendt. I motsetnad til Stavanger-konfigurasjonen, der kunstnartrioen fungerte som vertskap for andre kunstnarar, vert NY-konfigurasjonen i større grad deira eige verk, sjølv om dei her òg driv sosial involvering.

  1. Eit drag frå noko som var, https://www.contemporaryartstavanger.no/eit-drag-fra-noko-som-var-om-kunstprosjektet-skaus/

Foto: Håvard Sagen

Støttestruktur

Kunstnartrioen ser på Skaus som ein utforskingsplattform. Dei oppgir sjølv at prosjektet bidrar med støttestrukturar for utforsking av møter mellom stader, kunst, kunstnarar, institusjonar, materialar og publikum. I pilotkonfigurasjonen i Stavanger var det særleg tema som samarbeid og delt forfattarskap som vart utforska. I NY-konfigurasjonen er det ideen om ein fysisk og immateriell heim som vert sett under lupa.

Støttestruktur kan i denne samanheng tyda noko som bidrar til at noko anna kan fungera eller realiserast. Ordet støtte tek oss både til det formmessige, fysiske, arkitektoniske, ein vegg eller ei samanstilling ein kan lena seg på, men òg til sosial støtte. Ordet struktur tek oss til måten noko er sett saman på, bygd opp. Støttestrukturane kan slik sjåast som både sosiale og materielle, dei er kuraterte fysiske og sosiale møteplassar som utforskinga kan skje i, støtta seg på.

Strukturen Skaus bygger i New York – som er under bygging når denne teksten vert skrive – skal ha grunnforma til eit standard norsk hus, eller snarare dei tre kunstnarane sine oppfatningar av eit tradisjonelt arketypisk norsk hus. Huset, eller heimen, skal byggast i tre, med bruk av norsk lafteteknikk i storleiken 4 x 5 x 4,5 meter. Strukturen vil ha rom for to etasjar, første etasje med standard høgde jamfør norske byggeforskrifter på 2,13 meter. Når konstruksjonen står på land skal den funderast oppå murstein, når den flyt på vatn skal den stå på toppen av ein lekter. Fartøyet skal konstruerast på ein måte som gjer at det kan byggast opp og takast frå kvarandre, og slik sett flytta på seg. Sjølve bygginga skal skje på ein grasflekk i parkområdet til Snug Harbour på Staten Island utanfor New York. Herifrå skal òg fartøyet etter kvart sjøsetjast. Ulike grupper folk skal involverast under både bygging på Snug Harbour og i strukturen si levetid som heim. Med parallellar til involveringa av kunstnarar i Stavanger-konfigurasjonen, vil fartøyet vera hus for forskjellige sosiale arrangement og bustad for forskjellige folk – både i perioden det vert bygd og i perioden det flyt på vatnet.

Komponentar

Kunstproduksjon består av mange mindre og samanfletta komponentar. Om eg fokuserer på dei sosiale og materielle komponentane i Skaus sin produksjon av det maritime fartøyet – og skil dei frå kvarandre for å omtala dei separat sjølv om dei de facto heng saman – står eg att med komponentar som: jakt på økonomiske midlar, framforhandling av lokasjon, arbeid med byggeløyve, materialsamansetnad, inspirasjon og sosial involvering.

Jakta på midlar startar tidleg, gjerne parallelt med ein idéfase. Dette forarbeidet til kunstproduksjonen kan ta lang tid, og endar ofte opp som ei lappeteppeprosjektfinansiering. NY-konfigurasjonen vert mogleggjort med støtte frå OCA, Norsk kulturråd, Stavanger kommune og Rogaland Fylkeskommune.

Lokasjonen i NY vart vald fordi den har ei rik historie som står godt til eit prosjekt som utforskar idéen om ein heim. 2 Snug Harbour var på 1800-talet heim for gamle, skada og pensjonerte sjøfolk. Ved overgangen til 1900-talet var området – økonomisk heldt i live av Robert Richard Randall sin shippingformue – eit velfungerande lite samfunn med bakeri, kapell, meieri, konserthall, kyrkjegard og anna. I dag er området gjort til Snug Harbour Cultural Center and Botanical Garden, som òg husar Newhouse Center for Contemporary Art. På eit fredeleg område på Staten Island ligg ei rekkje storslagne bygningar i klassisk arkitektonisk stil, og kontemplative hagar i ulike utformingar. Mellom desse har Skaus fått løyve til å bygga og sjøsetja fartøyet sitt.

Og apropos løyve så var dét lenge den mest tidkrevjande delen av kunstproduksjonen. For å bygga og etter kvart sjøsetta fartøyet treng Skaus ulike formelle godkjenningar, til dømes løyve for bygging av ein midlertidig struktur i det offentlege rom, godkjenning for sjøsetting og diverse forsikringar, samt spesialgodkjenningar for at både dei sjølv og andre folk kan opphalda seg inne i strukturen. 3 Liknande arbeid var naudsynt då Skaus sette opp Stavanger-konfigurasjonen på ventetomta framfor Tou Scene, men større kjennskap til norske reglar og retningslinjer og tettare nærleik til sakshandsamarar i eigen heimkommune, gjorde samstundes dette langt enklare enn i NY.

I dei fleste kunstnariske produksjonsprosessar er materialutforskingar og tilarbeiding av materialar ytst sentralt. Til NY-konfigurasjonen treng Skaus mellom anna treverk og murstein, og dei er i gong med å samla materialar frå det geografiske nærområdet rundt på Staten Island. Dei freistar å bygga konstruksjonen på restar som kjem ut av vedlikehaldsarbeid for bygningsmassane på Snug Harbour, med materialar frå skipsverft og reperasjonsverksemder på Staten Island, og med gjenvunne tømmer som vert seld vidare som del av ein gjenbruks- og sirkulasjonsøkonomi. Konstruksjonen blir slik del av ein større materialsirkulasjon og vil bera med seg bitar av området sin materielle identitet.

  1. Ein besøkande ved ISCP, Valerie Smith, samt direktøren ved same stad, Susan Hapgood, nemnde begge Snug Harbour som relevant for Skaus, og dei vurderte lokasjonen opp mot fleire andre alternativ.
  1. For å få godkjend byggeløyve må Skaus senda søknad om å byggja ein midlertidig struktur i det offentlege rom til New York Department Of Buildings. Milrose Consultants står for hovudkoordineringa av søknaden, då dette er eit svært omfattande arbeid. Milrose Consultants, ved Neal Dennison, jobbar med følgjande løyver: General Consulting Services, Temporary Structure Alteration Type 2 Directive 2 Application Filing Services, Temporary Use Permit Inspection Services, Sign Off Services at Completion/Removal of the Temporary Structure. Skaus jobbar òg med eit arkitekt-/ingeniørfirma som mellom anna lagar godkjende teikningar av strukturen. Kaleb Seigle, hovudentreprenør skal godkjenna sj ølve bygginga i forkant og undervegs, slik at alt vert gjort i høve til DOB sine reguleringar. Vedkomande jobbar med følgjande oppgåver som skal resultera i den ferdige søknaden til DOB (Department Of Buildings): skaffa byggeløyve frå New York City Department of Buildings Construction, sikra arbeidskompensasjon og ansvarsforsikring, sørga for periodisk tilsyn for å sikra at ein gjennomfører prosjektet i samsvar med DOB sine reguleringar og tryggleikskrav. Prosessen har så langt teke om lag tre månader.

Skaus sin NY-konfigurasjon blir òg til som resultat av eit flettverk av inspirasjonskjelder, tidlegare påverknadar, idéar og innfall. Blant uttalte inspirasjonar er mellom anna det flytande teateret vist under Venezia-biennalen i 2010, Il Teatro del Mondo, og arkitekthuset Jensen og Skodvin sin eigentilpassa lafteteknikk. Skaus er òg påverka av praksisen til kunstnar og kurator Dylan Gauthier, i 2016 var han deltakar i Contemporary Art Stavanger (CAS) sitt residency-program i Stavanger. Gauthier jobbar i sin praksis ofte sosialpolitisk med økologisk degenerering og forureining av elver og vatnvegar, med vatnet som del av det offentlege rom og New York sine vatnvegar spesielt. I prosjektet Upstream Transmissions: Newtown Creek as Afterimage i 2015 bygde han ein liten båt på ei konstruksjonstomt på ISCP, og inviterte med seg ein gjest som følgde han på ein elvetur kvar morgon i tre månader. 4 Gjestane var kunstnarar, forskarar, poetar, planleggarar og aktivistar som kvar fekk sjå det same som Gauthier såg, og bidrog med sine perspektiv på økokritikk, naturens villskap, forureining, dyreliv og anna. Skaus kvernar på liknande vis rundt eigne og andre sine tankar og kjensler om heim i NY-konfigurasjonen, men det å gi stemme og rom til ulike aktørar og å dela på produksjonen og dermed forfattarskapet kom tydelegare til overflata i Stavanger-konfigurasjonen.

Ein siste komponent i den kunstnariske produksjonsprosessen til Skaus er sosial involvering. Mange kunstnariske skapingsprosessar involverer ei rekkje menneske og kompetansar, ofte fleire enn det som kjem til overflata. Skaus går noko utover dette og jobbar med det sosiale som eit materiale. Dei involverer kunstnarar, enkeltpersonar og grupper i håp om at fleire forteljingar blir del av verksproduksjonen deira, og for å gi slipp på noko av eigen kontroll. Under bygginga av det maritime fartøyet på grastomta på Snug Harbour legg dei, på noko liknande vis som i Stavanger, til rette for at konstruksjonen kan vera vertskap for offentlege arrangement. Til dømes planlegg dei å invitera inn skuleelevar og innbyggjarar frå området rundt Snug Harbour til å teikna over temaet heim, og å involvera ei lokal teatergruppa til å gjera ei førestilling om same tema i samband med opninga av konstruksjonen. Dei vil òg involvera og invitera interesserte, kunstnarar, galleri eller andre til å bebu fartøyet i ulike periodar, både på land og på vatn.

Om den sosiale involveringa vil fungera i praksis når den fysiske strukturen er bygd, eller om idéen vil vinna, står att å sjå. Fråskiljinga av enkeltkomponentar viser likevel klart at alle komponentane i den kunstnariske produksjonsprosessen både har sosiale og materielle sider ved seg.

  1. Sjå teksten Upstream Transmission av Dylan Gaulthier, https://dylangauthier.info/Text

Foto: Håvard Sagen

Ein sosiomateriell kunstpraksis

Kunstpraksisen til Skaus kan kallast sosiomateriell. 5 I dette ligg at det sosiale og materielle påverkar kvarandre gjensidig, og eigentleg er to sider av same sak. Både materielle og sosiale element er sentrale – eller snarare sidestilte – komponentar i verkproduksjonen og praksisen, synleg både i Stavanger-konfigurasjonen og i fartøyet som vert bygd i New York. Innebygd i det sosiale ligg at Skaus både er vertskap og okkupant for andre kunstprosjekt, samt at dei involverer og inviterer andre personar og grupper til å delta i prosjekta sine. Innebygd i det materielle ligg utforsking av sjølve materialiteten, i kjernen i nesten all kunstproduksjon, i tillegg til utstrekt bruk av tre og fokus på gjenbruk.

  1. Kunsthistorikar Hanne Hammer Stien reknar at kunstnar Joar Nango forstår og nyttar det sosiomaterielle som kunstnarisk materiale i sin praksis, i måten kunstprosjekta hans gjerne tar form som romlege konstruksjonar som blandar saman sosiale hendingar, gjenstandar og materialar, publikum og andre menneskelege samt ikkje-menneskelege aktørar. Sjå kapittelet Sosial skulptur med materielt fortegn: Om Joar Nango for utdjuping, i Jonvik, Røssaak, Stien & Sunnanå (2020) Kunst som deling, delingens kunst, Fagbokforlaget.

Heim

Byggverket av komponentar utforskar samla sett temaet heim. Idémessig lener Skaus seg på historia Snug Harbour har for å gi heim og tryggleik til pensjonerte sjøfolk. Staden si historie og sin arkitektur har openbart bevegd Skaus, særleg korleis den er knytt til nomadisk liv og til det som får noko til å følast trygt og kjend. For kva er det som gjer at vi kjenner oss trygge og heime? Når heimen er nomadisk, når heimen er flytande, kva er då fast? Kva representerer det stadfaste i det nomadiske? Kan hende er temaet heim aktualisert av at kunstnarane sjølv for tida er langt heimanfrå, at det blir lettare og meir nærliggande å tematisera heim når ein har avstand til det. I tillegg lever deira eiga yrkesgruppa meir nomadisk enn mange andre, mellom anna gjennom eit tidvis flakkande residency-tilvære.

Både objekt, luktar, lydar, minne, folk, interaksjonar, lys og fysiske strukturar kan bidra til kjensla av å vera heime. Ei spesifikk lukt, ei spesifikk gruppe menneske, ei spesifikk samling objekt. Når byggeprosessen på Snug Harbour kjem til fartøyet si innside, skal konfigurasjonen setjast saman av strukturar og objekt Skaus-personaen har følt som heime opp gjennom liva sine, som til dømes lyden av takvindauge i skråtak, lukta av furunål i grønsåpe og halvblaute fotballsko. Deretter inviterer dei andre bebuarar til å forma interiøret vidare med sine minne og idear om kva ein heim er.

Prosjektet illustrerer med dette, i NY-konfigurasjonen så vel som i Stavanger-konfigurasjonen, korleis kunstproduksjon består av lag på lag av menneskelege og ikkje-menneskelege enkeltkomponentar som materialar, hjelparar, strukturar, inspirasjonskjelder og byråkratiske prosessar. I framhaldet blir det interessant å sjå om og korleis den midlertidige strukturen som skal gjera seg til kjenne på Snug Harbour og flyta på New York sine vatnvegar, evner å aktivisera og utforska kva ein heim er og gjennom dette òg kva kunst er.

* Teksten til Jonvik er mogleggjort med støtte frå Stavanger kommune


Merete Jonvik er sosialantropolog og sosiolog. Ho har ein PhD. i sosiologi frå Universitetet i Stavanger (2015). Avhandlinga hennar, Folk om forskjellar mellom folk, er ei utforsking av korleis folk frå ulike samfunnslag oppfattar og kommuniserer sosiale og kulturelle forskjellar. Jonvik bur og jobbar i Stavanger, som førsteamanuensis i sosiologi ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger. Forskingsområda hennar er hovudsakeleg innanfor kunst- og kultursosiologi. Jonvik har saman med Eivind Røssaak, Hanne Hammer Stien og Arnhild Sunnanå gitt ut boka «Kunst som deling, delingens kunst» (Fagbokforlaget, 2020). Boka omhandlar samtidskunstfeltet i Noreg etter 2010. Gjennom eit utval kunstnariske og kuratoriske praksisar, i tillegg til kunstnariske formidlingsarbeid, vert nye samarbeidsformer, kunstnariske delingsformer, kunstnarrollar og bruk av ny teknologi i kunstsamanheng omtalt og analysert. Jonvik skriv sporadisk for Contemporary Art Stavanger (CAS).