Journal

NO
28/09/21 • ◠ Focus: Art and Kids : Merete Jonvik

Kunstproduksjon i samarbeid mellom born og vaksne

NO
28/09/21 • ◠ Focus: Art and Kids : Merete Jonvik

Kunstproduksjon i samarbeid mellom born og vaksne

I denne teksten diskuterer sosialantropolog og sosiolog Merete Jonvik estetiske og sosiale aspekt ved deltakarbasert kunstproduksjon med born. Kven skal vurdera verdien i deltakarbaserte kunstprosjekt? Kan prosessen og vurderinga av kunstproduksjonen være demokratisk? Bakgrunn for teksten er eit samarbeid mellom Jonvik og kunstnar Hans Edward Hammonds om eit kunst- og forskingsprosjekt — Samarbeid mellom små og store vesen. Deltakarbasert kunstproduksjon med born — som gjekk føre seg i tidsrommet 2018-2021.

«Det er vanskeleg å få det til å bli sånn som du tenkjer inni hovudet. Du ser noko, så tenkjer du: Dette klarer eg. Men så er det alltid vanskelegare enn du trur.»

Dette uttalte eit av borna i kunst- og forskingsprosjektet. Samarbeid mellom små og store vesen. Deltakarbasert kunstproduksjon med born, men er noko dei fleste som har prøvd seg på kreativt arbeid kan kjenna seg att i. Prosjektet eg refererer til utforska samarbeid, flat struktur og horisontalitet i kunstproduksjon med born og vaksne. 1 Konkret gjekk det ut på at ei gruppe born på 8 år ved ein Stavanger-skule samarbeida med biletkunstnar Hans Edward Hammonds om å skapa eit felles kunstverk. Borna og kunstnaren vart forsøkt gjort til jambyrdige deltakarar i ein forsøksvis fri skapingsprosess. Kunstnaren tok ikkje ein førande rolle, men prøvde å delta på lik linje som borna. Eg følgde og nærstuderte samarbeidet, forhandlingar og avgjerder som vart tatt, og den kunstnariske produksjonsprosessen som skreid fram.

Prosjektet vårt kan plasserast inn i ein kulturpolitisk samanheng der stadig fleire tiltak og ordningar, retta både mot vaksne og unge, går frå å ha unge målgrupper som passive mottakarar, til å vektlegga deltaking, medverknad, interaktivitet og medskaping. Den kulturpolitiske samanhengen er igjen knytt til ei større vektlegging av brukaren, innbyggaren, deltaking og det deltakarstyrte generelt i samfunnet.

Når det gjeld involvering av born i kunst- og kultursamanheng ser ein ofte at tiltak og ordningar i større grad involverer born som aktive brukarar og deltakarar i kunstopplevingar enn som medskaparar i kunstnariske produksjonsprosessar. I Samarbeid mellom små og store vesen ønskte vi å invitera born til open deltaking og involvering i ein kunstnarisk produksjonsprosess. Der sette vi fokus på prosess framfor resultat, og på aktiv involvering og samarbeid framfor den meir tradisjonelle måten å involvera born på i kunstsamanheng, der ein lærar eller prosjektleiar styrer det kunstnariske samarbeidet.

Meir konkret var motivasjonen til oss som var initiativtakarar til prosjektet å løfta fram born sine eigne kunstnariske uttrykk. I tillegg var vi nysgjerrige etter å sjå kva formar for kunstproduksjon og erkjenningar som ville koma ut av eit forsøksvis likestilt kunstproduksjonssamarbeid. Vi antok at relativt frie rammer, og fråvær av – eller minimering av – autoritetar og ein fastlagd struktur – kunne gi borna større rom til å ta eigne val, styra seg sjølv, utvikla sine eigne kunstnariske og kreative stemmer.

Spørsmål som blir stilt gjennom prosjektet er: Kva form tar kunstnariske skapingsprosessar under stor grad av fridom? Kva kunstnariske uttrykk veks fram? Korleis kan vi vurdera den kunstnariske kvaliteten på verk som kjem ut av slike prosessar?

Ut av prosjektet vaks det fleire samarbeidsprosessar, nokre relasjonar, eit samansett verk (som kanskje er fleire verk), ei opningshending ved skulen til borna, nokre presentasjonar, ein vitskapleg artikkel, 2 og til sist ei bok. Boka, som har same tittel som prosjektet, inneheld forteljingar om erfaringar med kunst- og forskingsprosjektet. I løpet av prosjektperioden førte Hammonds og eg ein meir eller mindre konstant samtale om observasjonar vi gjorde undervegs: om ibuande forventingar til prosessen, kunstnariske konvensjonar, forskjellar mellom born og vaksne sine kunstsyn, kunstnarisk kvalitet og kva som inngår i eit verk. Sagt på ein annan måte, sosiale rammer for kunstproduksjon og medverknad; som forventningar, hierarki, horisontalitet og distribusjon av makt og avgjerder. Og materielle rammer for kunstproduksjonen; som material, rom og tid. Ein sentral del av prosjektet, som òg denne teksten vil koma inn på, er kritiske innvendingar mot forsøk på horisontalitet, spesielt i samarbeid mellom born og vaksne – som er ein relasjon kjenneteikna av å eksistera i eit predefinert hierarki der den vaksne er den styrande.

  1. Prosjektet Samarbeid mellom små og store vesen er støtta av Kulturrådet, gjennom forskingssatsinga Barn og unge. Teksten baserer seg på ein presentasjon Merete Jonvik heldt for Rådet i Kulturrådet i juni 2021, og på boka som skriv seg frå kunst- og forskingsprosjektet, skrive i samarbeid mellom Merete Jonvik og Hans Edward Hammonds. Boka vert utgitt på Fagbokforlaget hausten 2021.
  1. Jonvik, Merete (2020) Eit skilt som prøver å vera eit skilt. Om kunstproduksjon i samarbeid mellom små og store vesen. Nordic Journal of Art & Research, Vol 9, nr 1. DOI: https://doi.org/10.7577/information.3913

Å la vera

Måtar vi forsøkte å legga til rette for likeverdig samarbeid mellom små og store vesen på, var mellom anna gjennom å ikkje på førehand ha definert kva (verk) som skulle koma ut av prosjektet. Vi prøvde å minska asymmetrien mellom store og små, gjennom å ikkje diktera og definera prosessen og produksjonen. Kunstnaren forsøkte å tre ned frå autoritetsposisjonen sin, som vaksen og profesjonell kunstnar, for å la borna sleppa til på sine premiss. Han forsøkte å ta same rolle som borna. Han sendte spørsmål dei stilte tilbake. Han hadde ein open materialtilgang. Han lòt vera å blanda seg. Gjennom heile prosessen tenkte vi òg på borna som fullkomne vesen, fullkomne i sin alder og si tid, og ikkje som vesen under utvikling som treng å læra slik og slik for å bli fullkomne.

Det vart tidleg klart at eit samarbeid av den typen vi forsøkte, ikkje klarte a bryta ut av sin asymmetri. Det var ikkje mogleg for Hammonds, den vaksne kunstnaren, å avlæra at han er vaksen, og ikkje bli oppfatta som ein autoritet frå borna si side. I denne situasjonen var rollane vaksen, biletkunstnar og lærar del av autoriteten til Hammonds, sjølv om han gjennomgåande forsøkte å minska desse. Men det opne, forsøksvis likestilte rommet, hadde likevel sine verdiar. Her vil eg trekka fram to.

For det første trur vi prosessen gav eit anna verk enn vi ville fått med stor grad av styring. Vi trur borna er meir synlege i verket. For ut av prosjektet kom eit verk, som består av ei samling objekt i leire, tekstil og tre. Eit verk som eigentleg er mange verk, delt mellom til dømes vegghengde tekstilar, ein pizzarestaurant og ei slags scene med ein ustrukturert miks av figurative og abstrakte leireobjekt. Snømenn, rundingar, hus, trær, skåler, ringar. Ut av prosjektet kom òg ei kjede av hendingar. Samtalar om kunst, om leirekasting, forhandlingar, materialutforsking og ein vernissasje. Ein opningsdag der heile trinnet på skulen, med lærarar var invitert, fekk sjå verket, og der vi hadde ulike typar performance og leik, med og i verket.

For det andre trur vi prosessen ga nokre verdifulle erfaringar og refleksjonar, til dømes om kunstnarisk kvalitet og verdi, og om involvering og deltaking som del av dette. Å vurdera den kunstnariske kvaliteten i verket som kom ut av prosjektet, er noko Hammonds og eg heile tida har strevd med, og som det difor er interessant å grava i. Ei vurdering er at verket utanfor opningsdagen, altså forstått som dei materielle objekta utan folk i, vart opplevd som dødt. Det var som om dei materielle objekta utan kontekst mista mykje av sin estetiske verdi. Hammonds er sitert i boka på at: «Objekta i verket var som skuggar av handlingar som hadde tatt plass». Objekta fangar ikkje det relasjonelle i prosessen, eller krafta i kunstproduksjonen og i samarbeidet, ei heller borna sin bruk av og deltaking i kunstverket på opningsdagen. Den sosiale energien er ikkje fanga i det materielle. Det får meg til å lura på om dette gjeld for sosiale kunstprosjekt generelt.

Uansett tydeleggjer dette at mykje av verdien i det konkrete prosjektet Samarbeid mellom små og store vesen ligg nettopp i det relasjonelle og sosiale. Sjølv om det òg er verd å dvela ved dei faktiske enkeltobjekta, i måtane dei er med og speglar verda til dei som har laga dei. For Hammonds og meg gir det meining å inkludera både den sosiale energien som eksisterte i verket på opningsdagen, forhandlingar vi hadde undervegs, samanlikningar av rommet verket står i og bruken av det før og etter kunstprosjektet. Difor er òg boka, for oss, ein del av verket, sidan det er desse forholda boka omhandlar: handlingane som er framfor skuggane. Teoretiske poeng å dra ut av dette, blir at dette talar for ein brei definisjon av kva komponentar som kan reknast som medskaparar i ein kunstnarisk produksjonsprosess og verksdefinisjon. Samt at det sosiale vanskeleg lar seg skilja frå det materielt-estetiske i deltakarbaserte kunstprosjekt. For, korleis står estetisk og sosial verdi til kvarandre?

Estetisk og sosial verdi

Fagleg står denne debatten i ein skvis mellom to ytterkantar, veldig forenkla sagt mellom eit «gjera-godt-ideal» på eine sida (gjerne kledd opp i ei neo-liberal drakt), og kritiske perspektiv i den andre enden, eller det ein kan kalla ein full-autonom, kunst-for-kunstens-skuld-definisjon. 3 Vel og merka er dette ein forelda måte å dela inn på, men skiljet opererer like fullt i feltet. Involvering av born og unge i kunst- og kulturprosjekt vert gjerne sett som eit godt ideal og omtalt med positiv klang, som til dømes at involvering bidrar til læring og utveksling, styrking av eigne stemmer, deling av perspektiv, oppøving av demokratisk sans og ryggrad. Ei rekkje ytringar frå borna som deltok i Samarbeid mellom små og store vesen støttar opp om slike positive sosiale verknadar. Til dømes var det ei som sa at: «Eg hadde mykje å tenkja på i 3. klasse, men når vi gjorde kunstprosjektet, tenkte eg ikkje på noko av det.» Og ein annan som sa at: «Det er viktig å bruka fantasien i kunst. Om du har lyst å laga ei fontene med rosa vatn, så gjer du det. Det er ingenting som er feil.» For Hammonds og meg er desse tungtvegande og viktige tilbakemeldingar på opplevinga av involvering, ytringar om kunstprosjektet og om kunstens funksjon i stort.

Alle positive verknadar som er nemnd ovanfor er gode og viktige verknadar om ein oppnår dei. Samstundes, kunstteoretisk sett blir det gjerne poengtert og kritisert at desse typar vurderingar av kunstprosjekt er reint sosiale og ikkje estetiske. Dei får difor ofte ein noko trøblete status til kunstfeltet. Fordi de fjernar seg langt frå sjølve kunsten, og frå det vi kan kalla tradisjonelle kvalitetsvurderingar av kunst. Eit anna og openbart forhold som gjer kvalitetsvurderingar meir ulne i deltakarorienterte kunstprosjekt, er at det er meir uklart kven som skal vurdera verdien. Er det kunstnaren? Deltakarane? Fellesskapet? Publikum? Kunstfeltet? Alle?

  1. Sjå til dømes Chantal Mouffe (2013) Agonistics. Thinking the World Politically og Claire Bishop (2012) Artificial Hells for diskusjonar.

Involvering og medverknad

Det er òg problematiske sider som heftar ved involvering og medverknad i seg sjølv, frå born, men òg meir generelt. Lisa Nagel, forfattar og fagredaktør i Periskop — tidskrift om kunst for barn og unge, understrekar til dømes at borns medverknad ikkje naudsynleg opphevar makthierarkiet mellom born og vaksne, men snarare kan bidra til å dekkja over det. 4 I vårt prosjekt måtte vi òg konstatera at flat struktur var umogleg, og vi modifiserte oss raskt til å nytta omgrepet flatare struktur. Borna såg stadig på kunstnaren som ein lærar og autoritet. I tillegg blei det mange gonger klart at vi vaksne, i kraft av at vi er eldre og samstundes initiativtakarar til samarbeidet, med enkle rørsler eller ord, kunne endra spelereglane. Stoppa den forsøksvis flate strukturen. Ein kan då spørja seg om det heile blir ei iscenesetjing av maktdistribusjon. Sistnemnde er eit poeng som gjeld arbeid med involvering og deltaking generelt.

Likevel har vi døme på at borna, utover i prosjektet stadig såg ut til å følga fleire og fleire av sine eigne innfall, kanskje fordi dei fekk ei forståing for at vi ikkje kom til å stoppa dei. Dette er òg grunnen til at vi trur at den flatare strukturen gjorde at borna er meir synlege i det materielle verket.

Å gjera forsøk på flat struktur passar ikkje i alle prosjekt, men erfaringane frå forsøka i Samarbeid mellom små og store vesen viser at det kan vera eit verktøy eller ein strategi for å gi deltakarar i kunstnariske samarbeid moglegheit til å utfolda seg friare, og til å utforska arbeidsprosessar og skapingsprosessar i opne former. Det mogleggjer at uventa ting kan oppstå, i omgangen med materialar og i den friare omgangen med kven som bestemmer og kven som får skapingsprosessen til å rulla framover.

I takt med fokuset på borns aktive medverknad i både kunstopplevingar og kunstproduksjonar, vert diskusjonane av kvifor, korleis og med kva verknad ein involverer born, sett på dagsordenen. Samarbeid mellom små og store vesen skriv seg inn i ein slik samanheng, og kan lesast som eit innspel til desse diskusjonane. Spesielt til diskusjonen om korleis ein vurderer den kunstnariske verdien i deltakarbaserte kunstprosjekt og til måtar å involvera born på og verknadar av involveringa.

  1. Sjå til dømes Nagel i Haugsevje, Å.D.; Stavrum, H.; Heian, M.T. (2019) Barn om kunst. Metodeutfordringer i forsking om kunst og kultur for barn og unge. Nordisk kulturpolitisk tidsskrift, vol. 22, nr. 1, s. 90–109. Eller Nagel, L. (2019) Henvendelser til barn og unge. Deltakelse som formidlingsstrategi. I: Kunstformidling. Fra verk til betrakter. Oslo: Pax Forlag A/S.


Prosjektet Samarbeid mellom små og store vesen er støtta av Kulturrådet, gjennom forskingssatsinga Barn og unge. Teksten baserer seg på ein presentasjon Merete Jonvik heldt for Rådet i Kulturrådet i juni 2021, og på boka som skriv seg frå kunst- og forskingsprosjektet, skrive i samarbeid mellom Merete Jonvik og Hans Edward Hammonds. Boka vert utgitt på Fagbokforlaget hausten 2021.


Merete Jonvik er sosialantropolog og sosiolog. Ho har ein PhD. i sosiologi frå Universitetet i Stavanger (2015). Avhandlinga hennar, Folk om forskjellar mellom folk, er ei utforsking av korleis folk frå ulike samfunnslag oppfattar og kommuniserer sosiale og kulturelle forskjellar. Jonvik bur og jobbar i Stavanger, som førsteamanuensis i sosiologi ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger. Forskingsområda hennar er hovudsakeleg innanfor kunst- og kultursosiologi. Jonvik har saman med Eivind Røssaak, Hanne Hammer Stien og Arnhild Sunnanå gitt ut boka «Kunst som deling, delingens kunst» (Fagbokforlaget, 2020). Boka omhandlar samtidskunstfeltet i Noreg etter 2010. Gjennom eit utval kunstnariske og kuratoriske praksisar, i tillegg til kunstnariske formidlingsarbeid, vert nye samarbeidsformer, kunstnariske delingsformer, kunstnarrollar og bruk av ny teknologi i kunstsamanheng omtalt og analysert. Jonvik skriv sporadisk for Contemporary Art Stavanger (CAS).