Loading Events

« All Events

NOELIA MORA SOLVEZ – BIRDS AND FISH

January 23 @14:00 - March 14 @17:00 CET Exhibition

About

Katalanske Noelia Mora Solvez (f. 1975) er spesielt oppteken av menneskekroppen, og tek ofte utgangspunkt i denne i verka sine. Ho karakteriserer sine eigne verk som «leikne, men kontrollerte. Gjennomtenkte, men vågale. Litt poetiske, men òg med humor.»

På Hå gamle prestegard syner kunstnaren to videoinstallasjonar. Begge verka reflekterer over menneskeleg åtferd med referansar til dyra si verd.

For å oppleve videoinstallasjonen BIRDS må ein gå inn i eit eige rom. Her inne er det heilt mørkt, men ein kan skimte fire fuglebur. I bura sit det ikkje fuglar, men små menneske.I kulturen symboliserer ofte fuglen fred, harmoni og ein som hjelper menneske. Ein kan sitje på ein benk og høyre på fredeleg fuglekvitter. Men kva er det fuglane eigentleg kvitrar om?

Installasjonen FISH er plassert i eit anna rom. Her er det som å gå inn i ein fisketank der ein kan observere livet i havet gjennom små kikkehol. Berre at fiskane er byta ut med menneske.

– Jeg forestiller mig at være en antropolog fra en anden planet. Jeg nyder at observere folk og distancere mig mentalt fra dem, mens jeg studerer deres vaner. På baggrund af disse observationer skaber jeg visuelle metaforer. Mine værker er min nuværende måde at definere det menneskelige dyr på, forklarar ho.

Solvez er inspirert av tanken på menneske som eit sosialt dyr. Ho set menneskeleg åtferd på spissen og skildrar menneske på ein tankevekkande og humoristisk måte.  Kanskje kan ein òg trekke parallellar til dyrevelferd, dyrehald og kjøttproduksjon ved at kunstnaren transformerer menneske over i dyrekontekstar.

Noelia Mora Solvez (f. 1975) vaks opp i Barcelona, men har budd i Aarhus i Danmark sidan 2000. Solvez arbeider primært med videoinstallasjonar og performance. Ho har bakgrunn som profesjonell dansar innan ballett og moderne dans. Ho er utdanna ved Århus Kunstakademi. Installasjonen BIRDS er kjøpt inn av AroS.

Details

Start:
January 23 @14:00
End:
March 14 @17:00
Event Category:

Venue:

Hå Gamle Prestegard
Håvegen 347 Nærbø Norway + Google Map
Website:
www.hagamleprestegard.no