Onsdagsforedrag:
Kunstneren som oppfinner og organisator
med Lars Elton, frilandsjournalist og kunstkritikar i Dagsavisen
Med sine abstrakte skulpturar av metallrøyr og andre gjenstandar han har for handa, utøver kunstnaren Kjell Varvin ei form for vedvareande kontruksjon og dekonstruksjon. Etter den store suksessen i Kunstnernes Hus i Oslo våren 2017 har Varvin blitt enda meir kjend som kunstnar. Ved sida hans har Susanne Kathlen Mader markert seg med eit like originalt kunstnarskap. Dei to organiserar kunsten og rommet på kvar sin måte. Begge brukar streken som eit ordnande element, og i foredraget denne kvelden vil Lars Elton sjå på kunstnarparet sine ulike tilnærmingsmåtar og prøva å plassera dei i det norske kunstlandskapet.
Foredraget er i samband med utstillinga FARGE møter LINJE med Susanne Mader og Kjell Varvin som for tida visast på Hå gamle prestegard. Utstillinga på Hå er fyrste gongen at kunstnarparet stillar ut saman. Utstillinga står til og med den 12. november. Utstillinga fekk strålande kritikk av Trond Borgen i Stavanger Aftenblad den 11. oktober.
Lars Elton er frilansjournalist og kunstkritikar i Dagsavisen. Han har stor begeistring for dei to kunstnarane og dei ulike måtane dei organiserar verda på gjennom kunsten.
Pris kr 200 inkl. kveldsmat. Kunstnarar og studentar kr 120.
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660.