Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Utstilling: Per Inge Bjørlo – Velkomen heim

June 16, 2017 - August 27, 2017 Exhibition

About

Per Inge Bjørlo er utdanna ved Bergens Kunsthåndverksskole og Statens Kunstakademi i Oslo. Han arbeidar som skulptør, malar og grafikar.

Som grafikar, arbeidar Per Inge Bjørlo med tresnitt, linoleumssnitt og litografi. Han er kjent for sine mentale bilete, der han oppfordrar betraktaren til å reflektere over følelsane som oppstår når ein ser på bileta, framfor motivet i seg sjølv. Hans formspråk består av mjuke organiske mønster, ofte satt saman til motiv av ugjenkjennelege hovudfasongar.

Som ein av Norges mest profilerte kunstnare, har Per Inge Bjørlo hatt utstillingar på Museet for Samtidskunst, Stenersenmuseet, Munchmuseet, Lillehammer Kunstmuseum og Louisiana Museum of Modern Art i København. Han har deltatt på Sao Paulo og Venezia biennalen, og hatt ei rekkje utstillingar i prestisjetunge galleri i inn- og utland. Han er kjøpt inn av ein rekkje institusjonar, blant anna Nasjonalgalleriet, Museet for Samtidskunst, Norsk Kulturråd, Astrup Fearnley Museum for Samtidskunst, Henie Onstad Kunstsenter og Collection of Frankstella i New York.

Per Inge Bjørlo har utsmykking på blant anna Oslo Lufthavn Gardermoen og Gjøviks Olympiske Fjellhall.

Utstillinga står til og med den 27. august.

Details

Start:
June 16, 2017
End:
August 27, 2017
Event Category:

Venue:

Hå gamle prestegard
Håvegen 347
4365 Nærbø,