Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Signe Christine Urdal, “Å vende hjem”

May 20, 2017 @12:00 - June 25, 2017 @17:00 CEST Exhibition

About

Bryne kunstforening er stolt av å kunna visa utstillinga til Signe Christine Urdal, “Å vende hjem”.

Utstillinga er primært foto, men syner og objekt.

I utstillinga “Å vende hjem” er det mennesket sitt eksistensielle behov for å høyra til, lengsel og identitet som er tema. Ein heim er viktig for oss i kraft av å vera plassen der du bur, der du har tilbrakt din barndom, men også ein plass du kan venda tilbake til, fysisk, gjennom draumar eller i deg sjølv.

 

SIGNE CHRISTINE URDAL (f. 1979) er billetkunstnar frå Stavanger. Ho blei uteksaminert frå Oslo Fotokunstskole i 2004 etter ein bachelorgrad i sosialantropologi (2002) og kunsthistorie (2006) frå Universitetet i Oslo, og starta si karriere som assistent for Dag Alveng. Urdal er anerkjent for sine kjenslege skildringar av menneske sitt indre liv og kvar- dagshistoriar, og formidlar ein genuin interesse for den menneskelige tilstand. Kunstnaren arbeider hovudsakleg med fotografi, video og lyd.

Signe Christine Urdal debuterte på Vestlandsutstillingen «Vi er de utvalgte» kuratert av Linn Cecilie Ulvin i 2007. Sidan då har arbeida hennar vore utstilt på Galleri Sølvberget (Stavanger), Tou Camp (ID – CAMP/Ølhallene) Bryne kunstforening (Bryne), Preus Museum (Horten), Tou Scene Art Space (Stavanger), Spriten Kunsthall (Skien), Førde Kunstforening (Førde), Kunstmuseet KUBE (Ålesund), Haugesund Billedgalleri (Haugesund), Stavanger Kunstforening (Stavanger), Stavanger Kunstmuseum (Stavanger), Rogaland Kunstsenter (Stavanger), Galleri Giga (Stord), Terminal 08 Gallery (Gorzów) i Polen og Nablus kulturfestival i Palestina (Nablus).

 

Details

Start:
May 20, 2017 @12:00
End:
June 25, 2017 @17:00
Event Category:

Venue:

Bryne Kunstforening
Reevegen 1, 4340 Bryne
Bryne,