PLANTRYKK
onsdag 29. januar 2020 kl. 19:00
Omvising i utstillinga
FETT-avTRYKK
med kunstnar
Åsmund Haukelidsæter
Omvising i utstillinga FETT – planTRYKK og foredrag med kunstnar Åsmund Haukelidsæter
FETT – planTRYKK Åse Anda, Ingebjørg Une Hagen, Cathrine Alice Liberg, Line Prip, Bjørn Ransve, Zdenka Rusova og Erik Solheim
Cathrine Alice Liberg, “Silhouette”
Både blant kunstnarar og hos publikum ser vi ein fornya interesse for grafikk. Hå gamle prestegard har frå 2018 presentert ein serie grafikkutstillingar med tema rundt dei ulike teknikkane. FETT – planTRYKK er den tredje i serien og visar fram arbeid innan litografi og monotypi av sju norske kunstnarar. Litografi er ein grafisk trykkjeteknikk, opphaveleg med stein (lito) som botnmateriale, men seinare og metallplater som.
Utstillingsrekkja er eit bidrag til 100-årsmarkeringa av at Norske Grafikere vert etablert i 1919.Grafikk består av fleire teknikkar der fellesnevnaren er at det ferdige verket er eit avtrykk av ei trykkplate
Denne kvelden på Hå vil Åsmund Haukelidsæter demonstrera litografi-teknikken og snakka om verk i utstillinga. Haukelidsæter er utdanna ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen. Han var mellom anna leiar av litografiavdelinga på Grafisk Verksted i Stavanger fra 1990- 2009.
Biletet “Silhouette” av kunstnar Cathrine Alice Liberg er representert i utstillinga
Kr 200 inkl. kveldsmat etter foredraget. Kunstnarar og studentar kr 120.
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660