Velkomen til jubileumsutstillinga til Andreas Bøe
Opning laurdag 19.11 2016 kl 13.00 i Bryne mølle
Andreas Bøe (1916-2001) ville vore 100 år i år. Jubileet vert markert med to utstillingar.
2.etasje: Ei ny-kuratert utstilling av den faste samlinga til Time kommune og lånte bilete av familien Bøe.
Kurator: Jan Kjetil Bjørheim. Film om Andreas Bøe i utstillinga, produsert av Helge Hundeide.
3.etasje: Utstilling av Andreas Bøe-arbeid. Verka er tidlegare ikkje vist i Bryne kunstforening.
Utstillingane er blitt til i samarbeid med Andreas Bøe sin familie.
Utstillingane held ope laurdagar kl 12.00 – 16.00, sundagar kl 13.00 – 17.00
Utstillinga i 3. etasje står fram til 12.02.2017
Utstillinga er eit samarbeid med Time kommune, og er støtta av Rogaland fylkeskommune, Netprint og Jæren Sparebank.
Bilete:
Sol og hav (1970), olje på lerret, Andreas Bøe