“Å lesa ein god Garborg-tekst er som å få eit handtrykk som er så sterkt at det smertar”.
Jan Inge Sørbø er litteraturvitar og skjønnlitterær og faglitterær forfattar. Han er professor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Sørbø har skrive ei medrivande og lettfatteleg bok om korleis Garborg orienterer seg i si samtid, og viser samanhengen i denne omfattande og stadig nyoriterte forfattarskapen. Denne kvelden på Hå gamle prestegard fortel han om Garborg med utgangspunkt i biografien som kom ut på Samlaget i 2015.