Brit Bøhme
I DENNE TID
maleri
Brit Bøhme syner utstillinga I DENNE TID i nye fjoset.
Første gong me møtte Bøhme og maleria hennar på Hå gamle prestegard var i 1999. Arbeida i utstillinga var då inspirert av reiser i Asia. Då ho stilte ut på Hå i 2009 hadde ho arbeidd vidare med møte mellom nære og fjerne kulturar.
I utstillinga som blir vist no reflekterer kunstnaren over tema som stillheit, isolasjon og natur i abstrakte maleri der lys og koloritt står sentralt. Den meir langsame pandemitida har opna opp for ei større merksemd på omgjevnadane.
Brit Bøhme er utdanna ved Vestlandets kunstakademi i Bergen og Det Kgl. Kunstakademi i København (1979-84). Ho arbeider med abstrakt maleri og kombinerer ofte maleri, objekt, foto og installasjon i rom. Bøhme har stilt ut ei rekkje stader nasjonalt og internasjonalt. I 2021 deltok ho med papirarbeidet Hvit stillhet på Høstutstillingen. Kunstnaren er tildelt Prix d’ etrangère på Jeune Peinture, Paris 1991. Kunstnaren står bak fleire utsmykkingsoppdrag, som Høyteknologisenteret i Bergen og Stavanger fengsel. Frå arbeidsopphald på Svalbard i 2016 til i dag har «stillhet/ natur/ isolasjon» utgjort ei nerve i arbeida hennar. Bøhme har blitt innkjøpt av fleire offentlege institusjonar, siste var til KODE kunstmuseum i 2021.
Utstillinga er støtta av Bildende kunstneres vederlagsfond, Regionale prosjektmidler for visuell kunst og Bildende Kunstners Hjelpefond