Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Bernhard Østebø – kolteikning og tresnitt

October 19 - November 17 Exhibition

About

Utstillinga er ei vandreutstilling i regi av Rogaland Fylkeskunstlag. Den første utstillinga i Sandnes Kunstforening fekk svært positiv omtale av Stavanger Aftenblad sin kunstanmeldar Anne Therese Tveita, som skreiv:

– Bernhard Østebø er en kunstner som fortjener større oppmerksomhet.

Kunstnaren sitt hovedmedium er kol, og han har ei utforskande haldning til mediet og søker heile tida djupare i det store uttrykksspennet som teknikken gjev. Stavanger Aftenblad sin meldar skriv:

– Kunstneren evner på utmerket vis å hente ut alle de egenskapene en kullbit kan besitte: Fra mettede felter av det sorteste sorte, gjennom alle grader av grått, til bare støvtynne, florlette slør av karbon ligger igjen på det hvite papiret.

Østebø er komfortabel med både det figurative og det nonfigurative og kjenner det ikkje naturleg å av grensa seg til det eine eller andre. I denne utstillinga vert dei to stilte opp mot kvarandre – som kontrastar, men kanskje likevel ikkje utan ein indre samanheng.

Nokre av teikningane vert flytte ut i rommet og tek på den måten eit lite steg i retning installasjon.

Mange av arbeida i utstillinga har vorte til som improvisasjonar saman med musikarar, fleire av dei i eit samarbeid med Stavanger-musikarane Line Horneland og Alf Terje Hana gjennom gruppa Sono Flux. Her vert mulighetene i møtet mellom musikk og biletkunst utforska.

Bernhard Østebø sier sjølv om utstillinga:
– I denne utstillingen utforsker jeg landskapet mellom det organiske og det strenge – det intuitive og det planlagte – det klare og det diffuse. Den spontane, musikalske energien i de improviserte bildene. Den avklarte, meditative roen i de geometriske formene. Forteller­gleden i det figurative. Og sanseligheten ved kullet – kanskje verdens eldste og mest primitive tegneredskap, men fremdeles uovertruffent på mange måter.

Details

Start:
October 19
End:
November 17
Event Category:

Venue:

Bryne Kunstforening
Reevegen 1, 4340 Bryne
Bryne,
+ Google Map