Hå gamle prestegard er glade for eit gjensyn med den amerikansk-kinesiske kunstnaren Beili Liu. I 2011 brukte Beili Liu den kinesiske bakgrunnen sin og minner frå tida i Kina til å lage to installasjonar på nye løa ved hjelp av tråd, ei saks og dryppande voks.
Denne gongen vil kunstnaren lage ei stadsspesifikk utstilling med utgangspunkt i hennar eigne opplevingar av landskapet i Rogaland. Ho fortel at då ho vitja Hå gamle prestegard for fem år sidan vart ho slått av den mektige naturen her. Særskilt fasinert blei ho over kjensla av å vera til stades der jord, sjø og himmel møtes. Det er først og fremst dei fleire hundre tusen runde steinane som er forma av isbreane og havet og som ligg strødd utanfor prestegarden, som Liu har blitt inspirert av til prosjektet Where Winds Are Gaining Speed. Med installasjonen på nye løa ønskjer Liu å sei noko om steinane som ligg der heilt upåverka av det som skjer rundt dei. Dei står i mot tida. Som ein kontrast til dei tunge steinane syner kunstnaren fleire flortynne ark der ho har fanga sollyset ved hjelp av fotoprosessen cyanotopi (ein gamal fotometode der sollyset er ein del av framkallingsprosessen) . Sollyset har ho fanga i dagane rett før utstillinga opna, medan steinane er fleire millionar år gamle.
Beili Liu er fødd i Jilin i Kina og bur og arbeider no i Austin, Texas. Ho er for tida assisterande professor i kunst ved University of Texas. Beili Liu er utdanna ved University of Michigan, Ann Arbor i 2003 og University of Tennessee i 2001. Liu er representert av Hua Gallery, UK, Galerie an der Pinakothek der Moderne, Germany, and Vessel Gallery, Oakland, CA. Liu har ei rekkje utstillingar bak seg både i USA, Europa og Asia.
Utstillinga til Beili Liu opnar samstundes med utstillinga DOMESTIC DISTURBANCES med Julie Nors og IKON – religion i russisk samtidskunst.
Utstillingane står til 28. august.