Loading Events
  • This event has passed.
Start: Jun 3, 2017 - 14:00
End: Aug 27, 2017 - 17:00
Exhibition

Power to the Bees

Start: Jun 3, 2017 - 14:00
End: Aug 27, 2017 - 17:00
Exhibition

Power to the Bees

POWER TO THE BEES
Ei utstilling om Kunst, natur, kultur og samfunn

Biene sitt liv og produksjon av honning har fascinert menneska gjennom historia. Også kunstnare har latt seg inspirere av estetikken og funksjonaliteten i bikubane, og symbolikk og myter knyta til honning.

Dette er utgangspunktet for satsinga for sommarutstillinga på Hå gamle prestegard i 2017 med det internasjonale utstillingsprosjektet POWER TO THE BEES som handlar om bier, natur, kunst og samfunn.

Med utstillina ynskjer galleriet å gje publikum ei oppleving og ny innsikt om ein aktuell samfunnsproblematikk gjennom kunstnarens blikk. Seks kunstnarar er invitert til å delta i utstillingsprosjektet. Dette er kunstnarar som på kvar sin måte arbeider med bier, honning og voks. Kunstnarane er Sabino Guisu (MX), Ren Ri (Kina), Louis Maisai (US) Stanislaw Brach (PL), Ann Kristine Aanonsen (NO) og Sidsel Hanum (NO). Det blir og vist ein dokumentar om Terence Koh (USA),

Saman med samarbeidspartnarar viser og galleriet ein miljørelatert og kulturhistorisk del i utstillinga som tek opp og underbyggjer tema kunstnarane arbeider med.

Utstillinga står til og med den 27. august.

Utstillinga er støtta av Norsk Kulturråd og Fylkesmannen i Rogaland